Bytur.
Eg og nokre vener dreg til byen.
Vi sjanglar til bussen. Vi syng, trallar og ler høgt, men vi er ikkje åleine. Eg tørkar panna mi for svette. Turen er lang og sjanglete. Ute er det heilt mørkt og folketomt. Vi legg ikkje merke til det og held på vidare med synginga.
Plutseleg er vi utandørs, det er lysare. Musikk på alle kantar. Gruppa splittast, men eg går sammen med ei. Vi går gjennom gata. Det er mykje folk. Eg tørkar panna nok ein gong. Det blir trongare og trongare. Vi blir pressa på frå alle kantar, meir skubbing og mykje folk. Det byrjer og ryke frå eit hjørne. Eg tårar. Røyken svir.
Mengden løyser seg opp. Eg er åleine, ho eg gjekk lagme er forsvunne. Eg går vidare - til eg treff på ein parkeringsplass. Bilen min står der. Eg startar den og byrjer og kjøyre. Eg skal finne henne att. Kanskje ho har dratt heim.
Eg merkar eg blir varm. Redd for å treffe på politiet. Bilen kjøyrer svingete gjennom gatane. Eg tar en krapp venstresving. Bilen kjøyrer sakte no. Eg dultat borti noko. Det skubbas bortover vegen. Bilen kjøyrer ikkje meir enn i gongfart. Ei dame slår handflata si i panseret. Det er ei politikvinne.
Eg byrjer å rope. Angeren kjem. Kjøyrelappen kjem eg til å miste. Jobben. Skulegongen blir avbrote. Eg tørkar svette og tårar. Politikvinna kjem mot meg og ber meg gå ut av bilen. Somlende gjer eg som ho seier. Nett før ho sèt på handjerna brytast situasjonen.
Eg er glad, svett og tørkar panna mi ein siste gong før eg snur meg og sovnar att.