Universet.
Tidligare denne veka starta eg på eit nytt univers. Det var menneske overalt. Dei gikk bak meg, foran, til sia, oppover og nedover. Det var som ei maurtue. Ho var kjempestor, det var liv uansett kor du snudde hovudet.
Universet er stort, det kan eg skrive under på. Mange veier ein kan velje, samt mykje ein kan finne på. Eg kunne ete, besøkje toalettet, lese, skrive, handle, bytte, sel, myldre og diskutere. Det fine med det universet eg held til i, er at det er mennesker frå alle verdas kanter. Nokon pratar engelsk, mens andre pratar asiatisk og nokon russisk.
Første dagen i universet var bortkasta. Vi hadde misforstått oppsettet og møtt opp altfor tidleg. Vår tur var ikkje før mange timar seinare. Sjølv om det var eit stort univers, drog vi heimatt.
No er vi godt i gang med å bli kjent med universet. Vi finn att romma våre, kor vi skal ete også vidare. Det blir artig framover hausten og sjå utviklinga.
Universet eg går på heiter NTNU avd. Dragvoll.