Eg skal selje min følgjesven gjennom fire år. Frå dei fyste dagane eg egde bilen, som syttenåring, sat eg i han og høyrde på musikkspelaren som følgde med. Eg kunne ikkje kjøyre han, men berre det å eige ein bil var spanande nok. Berre det å kjenne lukta av bil, som var min, var nok. Berre det å kunne setje den i gir, starte opp og ruse den var nok. Eg var i himmelen.
Eitt år seinare tok eg lappen og sidan den gong har bilen vore min. Mange har flirt, grene og smilt i bilen. Eg har hatt fest i den og sove i den. Eg har ete mat og lest avis i den. Eg har kjøyrt over 100 km/t med den og kjøyrt lågare. Den har vore i Molde, Trondheim, Oslo, Steinkjer, Ålesund, Østersund, Åre, Oppdal, Kristiansund og mange andre plassar. Den har ikkje vore i Bergen, Stavanger eller i Asia eller Afrika, heller ikkje Amerika.
No sel eg den. Den som kjøpar denne får seg ein god bil. Det lovar eg.
Takk for alt, Viggo. Ja, eg kalla han Viggo.