Kim Hugo og Ann Kristin.
Eg står opp tidleg. Dusjar av meg trøytte auger og natta sine merkjer på kroppen. Ute bikkar gradstokken 24 heite gradar. Eg set meg i bilen. Den har svarte skinnsete og alle vindauga lukka, så det var særs heitt. Lukkelegvis har eg på meg svart bukse.
Vel framme har det rukkje og blitt meir heitt. Folk er nervøse og skjelv i stemma. Sidan alle har på seg sorte klede gjer det ikkje situasjonen noko betre. Klokka går og folk byrjar og bevega seg mot der det skjer. Plutseleg er alle gått inn og eg står att saman med eit fåtal menneske. Vi ventar og ventar. Svetten piplar. Så kjem ein bil. Ut kjem ho. Eg knipsar i det ho går ut og mens ho ordnar seg. Ho fell eit par tårar og smilar så godt ho klara. Vi flirar. Bilen er nyvaska og alt ligg til rette for ein spesiell dag.
Vi bøyer oss ned for den lave døra. Mens ho går opp gangen tek eg fleire bilete. Det er trongt, men eg smyg meg så godt eg klarar uten og forstyrre samlinga. Eg knipsar nokon bilete til og set meg på plassen min. Det er heitt, men det er ein heilt spesiell stemning. Folk gret og småborna kurrar med halsen.
Ute blir det utlevert klemmar og gode ord. Det tek vel ein time før eg får dei for meg sjølve. Då får eg sagt mitt og fortsatt fotograferinga. Dei har det artig. Kim Hugo klarar ikkje og løfte Ann Kristin, men vi får det til på ein eller annan måte.
På tre timar har eg ikkje drukke. Tunga mi er tørr, men den brukast framleis. Vi stoppar og kjøpar vatn.
Tre timar seinare talar det nokon mennesker under middagen. Vi et og et - og et. Folk blir mette og så et vi kake. Seinare skålar folk med konjakk, øl og meir til. Baren åpnar, folk skålar meir. Folk sei rommet snurrar, noko eg kan bekrefte. Golva er skeive også. Levande musikk og godt humør. Eg knipsar på dansegolvet heile kvelden. Vi dreg heim rundt halv fem og legg oss.
Gratulerer med dagen til bryllupsparet Kim Hugo og Ann Kristin - kor eg vart leidd inn som fotograf.