Sprettballen på ein terrabyte.
Eg skyljar talikken min. God og mett går eg opp trappa. Eg set meg på stolen min og snurrar han bort mot ein annan skjerm. Eg redigerar bilete ei stund og kjenner tunga blir tørrare og tørrare. Eg gjer eit skjebnesvangert val og bestemmer meg for og henta eit glas vatn. I det eg snurrar stolen og bevegar meg vekk frå arbeidspulten, kjem ledninga imellem stolen og foten. Eg dreg den med meg. Noko dett i golve med eit høgt brak. Den sprett fire eller fem gonger før den legg seg stille. Eg høyrer sukk. Alle på kontoret snur seg. Ser på meg og spørr meg. Eg får ikkje med meg noko av det dei seier. Tunga kjem ut av munnen og spissar seg, mens eg knip att augene.
Eg blir varm. På golvet ligg harddisken min. 1TB med knust kabinett, det vil seie 1000 gigabyte ligg strødd foran meg. Ein ferdigstild jobb som ikkje var levert inn ligg fortsatt inni harddisken. Det går opp for meg. Eg opplever ein fotografs mareritt.
Bilete frå 2004 og fram til idag ligg inni og er no knust. Lukkelegvis har eg tatt bakomskopi frå forrige veke og bakover i tid.
Tolv timar går med på og dumpa fram igjen bileta. Eg får fram alt, utanatt dei siste bileta. Det einaste eg ikkje har no er ein harddisk og ein jobb eg gjorde for reklamebyrået der eg jobbar. Men harddisken klarte ikkje å øydelegge korkje bileta mine frå 2004 og fram til forrige veke - eller sjefens smil.