Du Store Alpakka

espen a. istad
88-modell
fotograf
bloggar
trondheim
molde

Jobbstart.

Skulen er slutt. Kvar går til sitt. Hyblar blir vaska og fråflytta. Kollektiver tømast. Studentar dreg heim. Barndomsrom blir inntekne. Pacific Blue startar om kveldane. Hotel Cæsar tek pause - heldigvis. Mjuk-is blir handla. Solbriller tekne på. Kortbukse teken fram. Flugestonga pussa. Stranda vitja. Nokon har ikkje tid til å gjere alle sommaraktivitetane, fordi dei jobbar.

Personleg starta eg og jobbe måndagen etter skuleslutt. Det vil seie at eg gikk rett frå skule og inn i arbeid. Heilt i orden, så slepp eg og bli vant til latskap. I sommar jobbar eg i eit reklamebyrå, TIBE, i Molde. Der skal eg i utgongspunktet jobbe i ein månad med muligheit for forlenging. Eg er tilsett som fotograf.

Ein stor minus med sommaren er at pengar ifrå staten ikkje lenger kjem på konto. Uvant, men heilt greitt.

God sommar alle saman!

Comments (View)
blog comments powered by Disqus