Endinga på noko nytt
Siste knappen i halsen på skjorta set godt. Eg held pusten og pressar halsen innover. Det går til slutt. Sløyfa strammas og rettas opp. Sko knytast. Eg er klar og byrjer å kjøyre. Det er omtrent to kilometer til lokalet. Det bles hardt i kasta, men sola skin og eg smiler fordi. Det er det er pågongstrafikk og den står godt. Eg kjem sakte, men sikkert til lokalet. Klokka er halv seks og det er god tia. Vi et ein god middag med mange talar, gåver og blomer. Vi forlet skulen, for siste gong.
Vi går samla bort til lokalet. Der åpnar vi om 5 minutt. Det er god stemning. Folk åpnar vin og øl, nokon heimbringt. Klokka slår åtte og folk strøymer på. Eg reknar og pekar og tel ein plass mellom 150 og 200 stykk. Plategnikkaren kjem litt seint, men får i gang god musikk. Baren åpnar.
Folk kikkar og undersøkjer bileta godt. Dei liker det dei ser. Eg liker det eg ser. Klassen har gjort nokre veldig gode arbeite. Vi har jobba hardt og vore flinke.
Det blir varmare, musikken høgare og dokøa lengere. Stemninga stig ytterlegare. Eg ler høgt. Folk skrattar og pratar høgt. Nokon dansar og nokon ropar kverandre i øyrene. Det blir litt mindre folk, men fleire og fleire dansar. Vi blir enige om å gå ut og ta ei vatnepause. Gutane står, mens jentene sit.
Eg går inn att. Rommet snurrar eit par gonger. Eg snur og går ut igjen. Heimoverturen blir lang, men eg får selskap av nokon i klassen.
Heime er det mørkt. Eg tek meg et glas vatn. Klokka viser rundt fire. Det er langt til senga og eg bruker lang tid. Spør berre min sambuar. Eg lukker augene, glad, nøgd og ein smule svimmel. Eg sovnar, mens tømmerhoggarane startar sitt arbeite.