Du Store Alpakka

espen a. istad
88-modell
fotograf
bloggar
trondheim
molde

Òg der var eg.

Eg vaknar brått, stiv i nakken. Vi er nesten framme i Trondheim. Hjartet dunkar og eg får ein guffen kjensle som brer seg i magen og opp til halsen. Dei slepp meg av. Eg går med korte, nervøse skritt mot døra. I telefonen sa dei at det låg i tredje etasje. Trappene er lange. Andre etasje. Det er heilt stille. Ikkje nokon i oppgangen. Det er fortsatt ganske klamt og no luktar det sterk matos. Siste trappa. Eg går fortare. Ser på klokka. Den er 13:57. Eg har tre minutt på meg.

Døra er foran meg. Skiltet viser det eg ser etter. Eg snur til høgre går innom do. Ser meg i spegelen, tenkjer og tørkar sveitte frå panna. Låser meg ut igjen. Døra med skiltet er open. Eg orienterar meg fort inni det nye rommet. Ein mann presanterer seg. Eg gjer det same. Vi går til eit nytt rom. Der sit ein annan som eg helsar på. Dei verkar hyggelege.

Intervjuet er over. Eg går ut av rommet, ut døra, ned trappane og ut. Eg trekkjer inn den friske lufta med gode andedrag. Dei som er med meg heimefrå ventar på meg i bilen. Sliten og småsveitt set eg meg baki. Vi kjøyrer heim til Molde. Eg sovnar fort igjen.

(….)

Eg leverer oppgåvene mine på ein kompaktdisk til rektor. Nesten like klam som då eg for første gong helste på ham. Ikkje fordi eg skal konversere og levere oppgåva mi til ham, men fordi det er siste gongen eg leverer. Eg tykkjer det er vemodigt, men er samtidig stolt og glad. Endeleg kan eg slappe av. Det einaste vi har igjen no er avslutningsfesten og avgongsutstillinga.

Ferdig på skulen. Ferdig utdanna.

Eg er ferdig utdanna som fotograf, òg der var eg.

Comments (View)
blog comments powered by Disqus