Du Store Alpakka

espen a. istad
88-modell
fotograf
bloggar
trondheim
molde

Elg i solnedgang

Nittande mai var eg ein tur på Frei og besøkte Øivind Elgenes og kona. Når eg parkerar bilen i oppkjøyrsla og går mot jugendhuset frå tidleg 1900-talet, kjenns det ut som eg går inn i ei anna verd. Heilt stille, ikkje noko leven og berre pur natur rundt meg.

Ikkje nokon å sjå, heller ikkje å høyre. Eg snik meg rundt hushjørnet og går opp ei middels lang trapp og bankar på utdøra. Ei kvinne åpnar. Helsar. Eg vart henvisen te brygga, der eg ser Elg sittja i ein liten båt. Båten er overraskande nok utstyrd med ein påhengsmotor og ikkje årar. Eg ropar på ham og han kjem gåande mot meg frå brygga si. Vi helsar, eg merker med ein gong at eg er velkomen og ynskjet.

Vi går opp til huset igjen. Han følgjer meg opp til ei platting ner skogen der vi set oss og pratar. Atme oss står det to vinglas og ei åpna vinflaske. Glasa har plastikk over seg så ikkje det kjem floge nedi. Elg åpnar flaska og fyller oppi og tek ein slurk. Etter ei stund kjem kona og tek seg eit glas.

Vi prater lenge. Om når dei var på loffen i Amerika og på Hawaii. Kor dei levde som hippiar på det jorda ga. Dei tel lenge om dette. 30 år sidan. Etter eitt så sprudlande livsløp skjønnar eg at dei har vore saman i over tredve år.

Eg skjønnar fort at Elg og kona er mennesker som lever ner naturen og av naturen. Dei lever i harmoni med den og nyttar den på ein måte som kanskje mange andre har gløymd. Dei har ei livsglede eg ikkje har sett på lenge.

Brått bryt eg. Lyset er perfekt og vi set i gang. Modellen er utruleg enkel å jobbe med. Vi tek bilete i skogen, nedi sjøhuset, vatnet og båten. Under fotograferinga starta det å regna og gav oss mykje gratis. Vips hadde timar gått og vi var ferdig.

Eg fekk bli med inn i det gamle huset. Innvendig var det gjennomført stil, ikkje overraskande. Han fortalde meg om keyboardet han kjøpte frå dynga, stolen han fekk frå vener og om anna inventar. Alt hadde ei historie bak seg, ikkje noko var tilfeldig.

Elg dreg fram ein Mac og set på sin nye cd. Vi høyrer på og han nynnar. Gode sangar frå ein av Noregs beste vokalistar. Eit godt augeblikk. Eg tek to polaroidar som han signerar. Eg får òg ein signert cd til mi store begeistring.

Vi tek farvell og går ut. Lyset fell fint mot hengekøya i hagen og vi tek det siste biletet der. Fem timar gekk som eit knips og eg var eit bekjentskap rikare.

Comments (View)
Gode vener får ein aldri nok av. Då eg var liten trudde eg at bilar på lik linje med fuglar kunne flyge - og jammen trur du ikkje… og min bil atpå. (mobilblogg)

Gode vener får ein aldri nok av. Då eg var liten trudde eg at bilar på lik linje med fuglar kunne flyge - og jammen trur du ikkje… og min bil atpå. (mobilblogg)

Comments (View)

Endeleg!

Før i gamle dagar då “blink”, “nettby” og andre nettsamfunn blei åpne, vart eg alltid sistemann som engasjerte meg i desse sidane. Dette gjald også dagens store nettsamfunn; “Facebook”, eller “Anleteboka”. Ikkje overraskande kjem eg traskande til slutt når det kjem til blogging au, som eg eigentleg aldri hadde tenkt å starta med.

For å gjere blogginga litt meir spennande (mest for meg), lyt eg skrive på nynorsk blanda med dialekt og ikkje engelsk og bokmål som alle andre gjer.

Kanskje eg oppdaterar jevnleg, håpar det. Nettsia vil gå gjennom nokon forandringar i den tia som kjem, ha tålmod! Eg håper at dykk som les får ei god oppleving. Ha ein fortsatt triveleg dag.

Comments (View)