October 2009
1 post
Bytur.
Eg og nokre vener dreg til byen.
Vi sjanglar til bussen. Vi syng, trallar og ler høgt, men vi er ikkje åleine. Eg tørkar panna mi for svette. Turen er lang og sjanglete. Ute er det heilt mørkt og folketomt. Vi legg ikkje merke til det og held på vidare med synginga.
Plutseleg er vi utandørs, det er lysare. Musikk på alle kantar. Gruppa splittast, men eg går sammen med ei. Vi går gjennom gata....
September 2009
1 post
Livet er ei tragedie på nert hald, men ein komedie på avstand.
– Charles Spencer Chaplin (1889 - 1977)
August 2009
3 posts
Universet.
Tidligare denne veka starta eg på eit nytt univers. Det var menneske overalt. Dei gikk bak meg, foran, til sia, oppover og nedover. Det var som ei maurtue. Ho var kjempestor, det var liv uansett kor du snudde hovudet.
Universet er stort, det kan eg skrive under på. Mange veier ein kan velje, samt mykje ein kan finne på. Eg kunne ete, besøkje toalettet, lese, skrive, handle, bytte, sel, myldre og...
July 2009
2 posts
Eg håpar at vi ein vakker dag kan leggje vekk alle fordommane og all frykta og...
– Arne Dekke Eide Næss (1912-2009)
Travle tider.
Sommaren til no har vore travel. Gjenattsjåing med vener og familie, samt hard jobbing med bryllaups- og byråfotografering tek på. Det gjer at eg ikkje klarar heilt å halde tritt med bloggen. Til no i sommar har eg gjort ein god del fotograferingar. Blant anna røykdykking, bilbergning og alarmberedskap med brannvesenet. Eg har òg besøkt ein kokkeskule, kor eg fekk smake på eksamensresultata. Vore...
June 2009
10 posts
Kim Hugo og Ann Kristin.
Eg står opp tidleg. Dusjar av meg trøytte auger og natta sine merkjer på kroppen. Ute bikkar gradstokken 24 heite gradar. Eg set meg i bilen. Den har svarte skinnsete og alle vindauga lukka, så det var særs heitt. Lukkelegvis har eg på meg svart bukse.
Vel framme har det rukkje og blitt meir heitt. Folk er nervøse og skjelv i stemma. Sidan alle har på seg sorte klede gjer det ikkje situasjonen...
Smilet er ein billeg vare. Det gjer vi vekk til kven som helst. Tårane er meir...
– Thomas Bauer Egeberg Giertsen (1971-)
Sprettballen på ein terrabyte.
Eg skyljar talikken min. God og mett går eg opp trappa. Eg set meg på stolen min og snurrar han bort mot ein annan skjerm. Eg redigerar bilete ei stund og kjenner tunga blir tørrare og tørrare. Eg gjer eit skjebnesvangert val og bestemmer meg for og henta eit glas vatn. I det eg snurrar stolen og bevegar meg vekk frå arbeidspulten, kjem ledninga imellem stolen og foten. Eg dreg den med meg. Noko...
Jobbstart.
Skulen er slutt. Kvar går til sitt. Hyblar blir vaska og fråflytta. Kollektiver tømast. Studentar dreg heim. Barndomsrom blir inntekne. Pacific Blue startar om kveldane. Hotel Cæsar tek pause - heldigvis. Mjuk-is blir handla. Solbriller tekne på. Kortbukse teken fram. Flugestonga pussa. Stranda vitja. Nokon har ikkje tid til å gjere alle sommaraktivitetane, fordi dei jobbar.
Personleg starta eg...
Det kjem ikkje an på kva
ein et mellom jul og nyttår,
men kva ein et mellom...
– Rolv Helge Wesenlund (1936-)
Endinga på noko nytt
Siste knappen i halsen på skjorta set godt. Eg held pusten og pressar halsen innover. Det går til slutt. Sløyfa strammas og rettas opp. Sko knytast. Eg er klar og byrjer å kjøyre. Det er omtrent to kilometer til lokalet. Det bles hardt i kasta, men sola skin og eg smiler fordi. Det er det er pågongstrafikk og den står godt. Eg kjem sakte, men sikkert til lokalet. Klokka er halv seks og det er god...
Berer du ein gammal draum
kanskje ein yr, ustyrleg draum.
Heilt ifrå den gong...
– Erik Bye (1926-2004)
Òg der var eg.
Eg vaknar brått, stiv i nakken. Vi er nesten framme i Trondheim. Hjartet dunkar og eg får ein guffen kjensle som brer seg i magen og opp til halsen. Dei slepp meg av. Eg går med korte, nervøse skritt mot døra. I telefonen sa dei at det låg i tredje etasje. Trappene er lange. Andre etasje. Det er heilt stille. Ikkje nokon i oppgangen. Det er fortsatt ganske klamt og no luktar det sterk matos. Siste...
May 2009
6 posts
Har du vore i eit selskap kor du har måtte skamma deg over eit par arbeidsletne...
– Bjørnstjerne Martinius Bjørnson (1832-1910)
Elg i solnedgang
Nittande mai var eg ein tur på Frei og besøkte Øivind Elgenes og kona. Når eg parkerar bilen i oppkjøyrsla og går mot jugendhuset frå tidleg 1900-talet, kjenns det ut som eg går inn i ei anna verd. Heilt stille, ikkje noko leven og berre pur natur rundt meg.
Ikkje nokon å sjå, heller ikkje å høyre. Eg snik meg rundt hushjørnet og går opp ei middels lang trapp og bankar på utdøra. Ei kvinne åpnar....
Endeleg!
Før i gamle dagar då “blink”, “nettby” og andre nettsamfunn blei åpne, vart eg alltid sistemann som engasjerte meg i desse sidane. Dette gjald også dagens store nettsamfunn; “Facebook”, eller “Anleteboka”. Ikkje overraskande kjem eg traskande til slutt når det kjem til blogging au, som eg eigentleg aldri hadde tenkt å starta med.
For å gjere blogginga litt meir spennande (mest for meg), lyt eg...