Eg og nokre vener dreg til byen.
Vi sjanglar til bussen. Vi syng, trallar og ler høgt, men vi er ikkje åleine. Eg tørkar panna mi for svette. Turen er lang og sjanglete. Ute er det heilt mørkt og folketomt. Vi legg ikkje merke til det og held på vidare med synginga.
Plutseleg er vi utandørs, det er lysare. Musikk på alle kantar. Gruppa splittast, men eg går sammen med ei. Vi går gjennom gata. Det er mykje folk. Eg tørkar panna nok ein gong. Det blir trongare og trongare. Vi blir pressa på frå alle kantar, meir skubbing og mykje folk. Det byrjer og ryke frå eit hjørne. Eg tårar. Røyken svir.
Mengden løyser seg opp. Eg er åleine, ho eg gjekk lagme er forsvunne. Eg går vidare - til eg treff på ein parkeringsplass. Bilen min står der. Eg startar den og byrjer og kjøyre. Eg skal finne henne att. Kanskje ho har dratt heim.
Eg merkar eg blir varm. Redd for å treffe på politiet. Bilen kjøyrer svingete gjennom gatane. Eg tar en krapp venstresving. Bilen kjøyrer sakte no. Eg dultat borti noko. Det skubbas bortover vegen. Bilen kjøyrer ikkje meir enn i gongfart. Ei dame slår handflata si i panseret. Det er ei politikvinne.
Eg byrjer å rope. Angeren kjem. Kjøyrelappen kjem eg til å miste. Jobben. Skulegongen blir avbrote. Eg tørkar svette og tårar. Politikvinna kjem mot meg og ber meg gå ut av bilen. Somlende gjer eg som ho seier. Nett før ho sèt på handjerna brytast situasjonen.
Eg er glad, svett og tørkar panna mi ein siste gong før eg snur meg og sovnar att.
Livet er ei tragedie på nert hald, men ein komedie på avstand.
Charles Spencer Chaplin (1889 - 1977)
Tidligare denne veka starta eg på eit nytt univers. Det var menneske overalt. Dei gikk bak meg, foran, til sia, oppover og nedover. Det var som ei maurtue. Ho var kjempestor, det var liv uansett kor du snudde hovudet.
Universet er stort, det kan eg skrive under på. Mange veier ein kan velje, samt mykje ein kan finne på. Eg kunne ete, besøkje toalettet, lese, skrive, handle, bytte, sel, myldre og diskutere. Det fine med det universet eg held til i, er at det er mennesker frå alle verdas kanter. Nokon pratar engelsk, mens andre pratar asiatisk og nokon russisk.
Første dagen i universet var bortkasta. Vi hadde misforstått oppsettet og møtt opp altfor tidleg. Vår tur var ikkje før mange timar seinare. Sjølv om det var eit stort univers, drog vi heimatt.
No er vi godt i gang med å bli kjent med universet. Vi finn att romma våre, kor vi skal ete også vidare. Det blir artig framover hausten og sjå utviklinga.
Universet eg går på heiter NTNU avd. Dragvoll.
Eg håpar at vi ein vakker dag kan leggje vekk alle fordommane og all frykta og berre flire av folk.
Arne Dekke Eide Næss (1912-2009)
Sommaren til no har vore travel. Gjenattsjåing med vener og familie, samt hard jobbing med bryllaups- og byråfotografering tek på. Det gjer at eg ikkje klarar heilt å halde tritt med bloggen. Til no i sommar har eg gjort ein god del fotograferingar. Blant anna røykdykking, bilbergning og alarmberedskap med brannvesenet. Eg har òg besøkt ein kokkeskule, kor eg fekk smake på eksamensresultata. Vore på ein ostefarm på Tingvoll og smakt gamalost, som smakte nokon lunde godt, tekje portrettbilete av fem ordførarar og knipsa bryllaup.
Det mest spesielle må nok vere besøket på ein ostefarm ca 1000 m over havet, utanfor Sunndalsøra i Møre og Romsdal. Der bur ein mann som lagar geitost, rømme, kuost, kvit og brunost på gamalmåten. Uten straum og innlagd vatten. Det skal også nevnas at han eig eit meieri og er homofil. På farmen jobbar det ein utvekslingsstudent på 20 år frå Irak.
No skal eg prøve å ta ferie. God sommar alle saman.
Eg står opp tidleg. Dusjar av meg trøytte auger og natta sine merkjer på kroppen. Ute bikkar gradstokken 24 heite gradar. Eg set meg i bilen. Den har svarte skinnsete og alle vindauga lukka, så det var særs heitt. Lukkelegvis har eg på meg svart bukse.
Vel framme har det rukkje og blitt meir heitt. Folk er nervøse og skjelv i stemma. Sidan alle har på seg sorte klede gjer det ikkje situasjonen noko betre. Klokka går og folk byrjar og bevega seg mot der det skjer. Plutseleg er alle gått inn og eg står att saman med eit fåtal menneske. Vi ventar og ventar. Svetten piplar. Så kjem ein bil. Ut kjem ho. Eg knipsar i det ho går ut og mens ho ordnar seg. Ho fell eit par tårar og smilar så godt ho klara. Vi flirar. Bilen er nyvaska og alt ligg til rette for ein spesiell dag.
Vi bøyer oss ned for den lave døra. Mens ho går opp gangen tek eg fleire bilete. Det er trongt, men eg smyg meg så godt eg klarar uten og forstyrre samlinga. Eg knipsar nokon bilete til og set meg på plassen min. Det er heitt, men det er ein heilt spesiell stemning. Folk gret og småborna kurrar med halsen.
Ute blir det utlevert klemmar og gode ord. Det tek vel ein time før eg får dei for meg sjølve. Då får eg sagt mitt og fortsatt fotograferinga. Dei har det artig. Kim Hugo klarar ikkje og løfte Ann Kristin, men vi får det til på ein eller annan måte.
På tre timar har eg ikkje drukke. Tunga mi er tørr, men den brukast framleis. Vi stoppar og kjøpar vatn.
Tre timar seinare talar det nokon mennesker under middagen. Vi et og et - og et. Folk blir mette og så et vi kake. Seinare skålar folk med konjakk, øl og meir til. Baren åpnar, folk skålar meir. Folk sei rommet snurrar, noko eg kan bekrefte. Golva er skeive også. Levande musikk og godt humør. Eg knipsar på dansegolvet heile kvelden. Vi dreg heim rundt halv fem og legg oss.
Gratulerer med dagen til bryllupsparet Kim Hugo og Ann Kristin - kor eg vart leidd inn som fotograf.
Smilet er ein billeg vare. Det gjer vi vekk til kven som helst. Tårane er meir verdt.
Dei behaldar vi for oss sjølv. . .
Thomas Bauer Egeberg Giertsen (1971-)